Det vart annonsert at songen ville verte framført på engelsk med tittelen «First Class Ticket to Heaven», men valet fall til slutt på den polskspråklege originalversjonen med tittelen «Jestem». Polen deltok i den fyrste semifinalen Eurovision Song Contest 2011 og enda på 19.- og sisteplass med 18 poeng; fem frå Storbritannia, fire frå Georgia og Ungarn, tre frå Noreg og to frå Litauen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 17. plass med 25 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 18. plass med 13 poeng. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen, og vart det polske bidraget med dårlegast plassering sidan debuten i 1994.