MS «Song of Norway» (IMO: 7005190) var eit norsk-registrert cruiseskip som var eigd av det norske sameiget M/S Song of Norway (I. M. Skaugen & Co.) og som gjekk i cruisetrafikk i Karibia for det norskeigde cruisereiarlaget Royal Caribbean Cruise Line (RCCL) frå 1970 til 1997 med vekefaste avgangar frå Miami i Florida.[1]
Skipet var byggnummer 392 ved Wärtsilä Helsingin Telakka i Helsingfors i Finland, og vart levert for RCCL i 1970 som det første skipet i RCCL-flåten, og som det første skipet i Song of Norway-klassen beståande av tre nært identiske systerskip. Dei andre var systerskipa «Nordic Prince» og «Sun Viking» – høvesvis levert i 1971 og 1972.
I løpet av karrieren segla skipet under fleire namn og hadde fleire eigarar. Det vart seinare omgjord til eit kasinoskip. I 2013 vart det selt for skrap og hogge opp i Jiangmen i Kina.[1]
Historie
Konstruksjon
I september 1968 kontraherte det norske sameiget M/S Song of Norway under I. M. Skaugen & Co. (eit av tre norske reiarlag og eigarar i Royal Caribbean Cruise Line-konsortiet) med det finske verftet Wärtsilä Helsingin Telakka i Helsingfors, om bygging av eit moderne cruiseskip med eit eksteriørdesign som kunne minna om ein yacht. Skipet vart kjølstrekt 2. april 1969 og fekk byggnummeret til verftet 392.[1]
2. desember 1969 vart skipet døypt «Song of Norway» av gudmora si Magnhild Borten (kona til dåverande statsminister Per Borten) og sjøsett med stabelavløping ved verftet i Helsingfors. 5. oktober 1970 vart det overlevert til sameiget M/S Song of Norway. Byggjekostanda for skipet var 14 500 000 US-dollar.[1]
Skipet
Dekk og fasilitetar
Nr.
|
Dekk
|
Fasilitetar
|
Ref.
|
9
|
Øvre dekk
|
Observasjonsdekk
|
[2]
|
8
|
Kompassdekk
|
Sun Walk og Viking Crown Lounge
|
[2]
|
7
|
Soldekk
|
Pool Cafe, Pool Bar, Sports Area og utandørs symjebasseng
|
[2]
|
6
|
Promenadedekk
|
Lounge of the Midnight Sun, Verandah Cafe, medisinsk senter og promenadedekk
|
[2]
|
5
|
Restaurantdekk
|
My Fair Lady Lounge, The King and I, Casino Royale, South Pacific Lounge og matsal
|
[2]
|
4
|
Hovuddekk
|
Karl Johans Gate, skjønnheitssalong, gåvebutikkar, informasjonskontor og passasjerlugarar
|
[2]
|
3
|
A-dekk
|
Passasjerlugarar
|
[2]
|
2
|
B-dekk
|
Passasjerlugarar
|
[2]
|
1
|
C-dekk
|
Berre for mannskap
|
|
Tekniske spesifikasjonar
Storleik og dimensjonar
MS «Song of Norway» hadde ved overlevering ein brutto(register)tonnasje på 18 416 BRT, ein netto(register)tonnasje på 9 591 NRT og ein dødvekttonnasje på 3 151 TDW.[1][3] Etter at skipet vart forlengt i 1978, fekk skipet ein ny brutto(register)tonnasje på 23 005 BRT, ein ny netto(register)tonnasje på 12 716 NRT og ein ny dødvekttonnasje på 4 525 TDW.[1][3] I 1994 ble hun ommålt med en bruttotonnasje på 22 945 BT og en nettotonnasje på 10 558 NT.[3][4]
MS «Song of Norway» hadde ved levering ei største lengd (LOA) på 168,43 meter (553 fot) og ei lengd mellom perpendikulærane (LPP) på 138,27 meter (454 fot). Etter forlenginga i 1978 fekk skipet ein ny LOA på 194,32 meter (638 fot) og ein ny LPP på 164,16 meter (539 fot).[1] Den største breidda på skipet målte 24,01 meter (79 fot).[1] Djupgåande stakk skipet 6,70 meter (22 fot)[5], medan djupna på skipet i riss (målt frå underkant av hovuddekksplata til overkant av kjølplata) målte 14,20 meter (47 fot).[4]
Kapasitetar
MS «Song of Norway» hadde ved levering ein maksimal passasjerkapasitet på 880 passasjerar.[1] Etter at skipet vart forlengt i 1978 fekk ho ein ny maksimal passasjerkapasitet på 1 040 passasjerar, medan mannskapet var på 400 besetningsmedlemmer.[2] Skipet hadde ein bunkerkapasitet på 1 700 tonn.[1]
Maskin og framdrift
Hovudmaskineriet på «Song of Norway» bestod av fire Wärtsilä Sulzer 9-ZH-40/48 dieselmotorar med ei samla yting på 18 000 BHK ved 481 o/min gira til 181 o/min til to vribare skrupropellar. Kvar hovudmotor var ein 9-sylindra 2-takta enkeltvegs dieselmotor med ein sylinderdiameter på 400 mm og eit stempelslag på 480 mm.[1]
Hjelpemaskineriet bestod av seks dieselgeneratorar, kvar med 752 kW (totalt 4 512 kW), og éin diesel-nødgenerator på 200 kW. I tillegg hadde skipet to hjelpekjelar med arbeidstrykk på 7,0 bar og to ekshaustkjelar med arbeidstrykk på 7,0 bar.[1]
Framdrifta vart teken hand om av to halvspaderor, to vribare skrupropellar og to sidepropellar forut. Skipet hadde ein toppfart på 21 knop (39 km/t) ved eit forbruk på 63 tonn per døgn.[1] Marsjfarten var 16 knop (30 km/t).[2]
Klassing og register
MS «Song of Norway» var klassa i det norske klassifikasjonsselskapet Det Norske Veritas (DNV) og hadde følgjande klassenotasjon: ✠ 1A1 E0 + MV.[1] Skipet var i perioden 1988 til 1997 registrert i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS), som er ei underavdeling i Sjøfartsdirektoratet.[4]
8. januar 2013 vart det sleppt ut ein musikkvideo i samband med 66-årsdagen til den britiske songaren og skodespelaren David Bowie. Musikkvideoen var laga til singelen «Where Are We Now?» til det kommande studioalbumet The Next Day som vart sleppt ut 8. mars 2013. I musikkvideoen kan ein sjå David Bowie posera i ei marineblå T-skjorte med teksten «m/s Song of Norway».[6]
Galleri
Referansar
- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 «skipshistorie», skipshistorie.net, henta 16. juli 2023
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 «Royal Caribbean Cruise Line 1986-87 Caribbean Bermuda Brochure Sun Viking Nordic Prince Song of Norway Song of America», TulipStuff (på engelsk), henta 16. juli 2023
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «M/S Song of Norway - Sjøhistorie», www.sjohistorie.no, henta 16. juli 2023
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Skipssøk - Sjøfartsdirektoratet», www.sdir.no, henta 16. juli 2023
- ↑ «M/S SONG OF NORWAY (1970)», www.faktaomfartyg.se, henta 16. juli 2023
- ↑ Bergmo, Tonje (8. januar 2013), «David Bowie i norsk t-skjorte», NRK (på norsk bokmål), henta 16. juli 2023
Kjelder