- For andre ferjer med same namn, sjå MF «Austrheim»
MF «Austrheim», seinare «Bjørnefjord», «Boknafjord» og i dag «Bastø IV», er ei bilferje levert frå Trønderverftet i Hommelvik i april 1986 til Bergen-Nordhordland Rutelag. I februar 1995 vart ferja kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og omdøypt «Bjørnefjord».
I februar 2001 vart ferja seld til Boknafjorden Ferjeselskap og omdøypt «Boknafjord». Ferja vart ombygd i juli 2001 og bildekket vart innebygd. I januar 2002 tok Det Stavangerske Dampskibsselskab over båten. 1. januar 2008 vart båten overført til Tide Sjø, før han den 20. desember 2010 vart seld til Bastø Fosen AS i Horten. Der fekk ferja namnet «Bastø IV». I oktober 2014 er ferja framleis i drift.
Ferjesamband
Kjelder
Bakgrunnsstoff