MF «Ullensvang» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Førde i juni 1986 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ferja var då den største som hadde blitt levert til HSD med ein kapasitet på 134 personbileiningar og ei lengd på 87 meter. Ferja gjekk inn i ruta Sandvikvåg-Halhjem i lag med systerskipet MF «Stord» og gjekk i denne ruta fram til 2006.
Fram til i dag har ferja vore i flåten til HSD, HSD Sjø, Tide Sjø og Norled heile vegen.
Ulukke
27. november 2011 kolliderte ferja med supplybåten «Olympic Hera» i Stavanger grunna sterk vind. Ingen personar vart skada, men «Olympic Hera» fekk tydelege skadar i skroget.[1]
Ferjeruter
Kjelder
Bakgrunnsstoff