M.I.A. er mellom anna kjend for songane «Galang», om livet i multikulturelle London, «Sunshowers», som tek opp terrorisme og inndelinga av verda i «godt» og «vondt», «Boyz», «Born Free» og «Paper Planes». Sistnemnde var med i filmen Slumdog Millionaire og blei Oscar-nominert for beste originale song.[1] Ho blei utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i 2019 for bidraga sine til musikk.[2]
M.I.A. er også biletkunstnar og moteskapar. Hennar første biletutstilling, på Portobello Road, blei nominert til den alternative Turnerprisen i 2002. Utstillinga omfatta graffitikunst og spraymåla bilete og blanda tamilsk politisk gatekunst med liv og konsumerisme i London. M.I.A. har også verka som moteskapar gjennom eigne senekostyme og kledelinja «Okley Run».
M.I.A. er dotter av Arul «Arular» Pragasam, ein tamilsk aktivist, og Kala, som stort sett sytte for henne og to sysken åleine. M.I.A. vart fødd i London men voks opp på Sri Lanka og India før mora og borna flykta til England i 1986. Som vaksen har M.I.A. budd i New York og Los Angeles i USA. Ho er forlova med Benjamin Zachary Bronfman, og dei fekk ein son saman i 2009.