Artane i denne familien har symjehud på føtene og nebbet manglar cere, vokshud på overnebbet. Nasebora er på eller over midten av nebbet. Horndekket på nebbet er ikkje delt slik som hos stormfuglar. I absolutt eit fleirtal av artane er kjønna like. Fjørdrakta hos dei fleste artene av terner og måsar er vanlegvis hovudsakleg kvit og grå med innslag av svart, men somme har mørke fjørdrakter. Sommardrakter vil ofte avvike frå vinterdrakta. Ungfuglar har varierande grad av spraglete brun og grå fjørdrakt.
Oversyn over slekter
Måsefamilien (Laridae), underfamiliar og slekter i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[2] Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[3]
Slekt Larus, 24 store kvithovuda måsar, vidt spreitt, dei fleste på den nordlege halvkula, alle dei vanlege måseartane i Noreg er Larus-måsar: svartbak, sildemåse, gråmåse, fiskemåse
↑Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023.