Mår (eller Mårvatn) er ein innsjø i kommunane Tinn i Telemark fylke og Nore og Uvdal i Buskerud fylke. Innsjøen ligg søraust på Hardangervidda, og er regulert som magasin for Mår kraftverk ved Rjukan. Han har det naturlege avløpet sitt gjennom Kalhovdfjorden og elva Mår ned til Tinnsjø, og er dermed ein del av Skiensvassdraget.