Lysrøyr, tidlegare òg kalla lysstoffrøyr, eller fluorescenslampe er ulike typar gassfylte glasrøyr som blir brukt som lyskjelder i lampar og annan belysning.
Kompaktlysrøyr utstyrt med lyspæresokkel som på vanlege glødelampar har ein innbygd omformar i sokkelen, og blir ofte kalla sparepærer. Desse kan brukast i ordinære armatur berekna for glødelampar, og brukar berre rundt 20% av energien for same lysutbytte, og varer lenger.
Lysrøyr har ei levetid på ca. 16 000-24 000 timar.[1] Det finst lysrøyr på marknaden som har levetid opptil 84 000 timar, desse blir kalla Long Life-lysrøyr. Levetida avheng av brenntid, og dessutan mengder innkoplingar. Lysstyrken blir redusert gjennom heile levetida.
Innlevering av kasserte sparepærer og lysrøyr
I Noreg kan ein, av miljømessige omsyn, levere inn kasserte sparepærer og lysrøyr gratis til butikkar som sel slike varer, utan krav om nykjøp eller at produktet vert kjøpt hos denne forhandlaren.
Sjå òg
Glødelampe, glødelampe lyser ved at straum blir sendt gjennom ein tynn leiar.
Halogenlampe, halogenlampe er ei glødelampe der kapselen er fylla med ein halogengass.
Lysdiode, lysdiode (LED) er ein halvleiar-diode som lyser med eit inkohorent monokromatisk ljos når ei likeretta spenning påførast.