Lydtrykk er små variasjonar i lufttrykket skapt av lydbølgjer. Bølgjene skapar små fortettingar og fortynningar av lufta opptil mange gonger i sekundet, slik at lufttrykket vil veksle mellom litt over og litt under atmosfæretrykket. Det er desse trykkvariasjonane som set trommehinna i øyra i svingingar. Ved særs sterk lyd er lydtrykket 1/10 000 av atmosfæretrykket, og den svakaste høyrbare lyden er 1/10 000 000 000 av atmosfæretrykket. SI-eininga for lydtrykk er Pa.
Lydtrykknivå
I staden for absolutt lydtrykk nyttar ein ofte lydtrykknivå, definert som
- ,
der μPa, som er det minste lydtrykknivået ein gjennomsnittsperson oppfattar.
Døme på lydtrykknivå
Tabellen gjev omtrentlege verdiar for forskjellige lydkjelder
Lydkjelde |
Lydtrykknivå (dB) |
Merknad
|
Tett på jetmotor |
180 |
|
Jetmotor i einavstand på 50 m |
150 |
|
Tett på kraftig handvåpen |
140 |
|
Smerteterskel |
130 |
smertefullt; høyrselskadar etter kort tids påverknad
|
Småfly |
120 |
|
1 m frå trykkluftbor |
100 |
høyrsleskadar etter lengre tids påverknad
|
Sterk trafikk, symjehall |
80 |
|
Normal samtale |
60 |
|
Bakgrunnsstøy i kontorlandskap |
50 |
|
Kviskring |
30 |
|
Bakgrunnstøy i lyddaudt rom |
10 |
|
Høyreterskel |
0 |
|
Bibliografi
- Howard, D.M. og Angus, J., Acoustics and psychoacoustics, 3. utg., Focal Presss, 1996.