Lundevatnet

Lundevatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Agder , Rogaland
Kommunar Flekkefjord, Lund
Høgd over havet 44-48.5 moh.
Areal 27,49 km²
Middeldjupn 172 m
Største djupn 314 m
Volum 4,73 km³
Kystlengd1 59,80 km
Koordinatar 58°24′06″N 06°36′26″E / 58.40167°N 6.60722°E / 58.40167; 6.60722
Kart
Lundevatnet
58°24′06″N 6°36′26″E / 58.401666666667°N 6.6072222222222°E / 58.401666666667; 6.6072222222222
Wikimedia Commons: Lundevatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Lundevatnet er ein innsjø pÃ¥ grensa mellom kommunane Lund i Rogaland og Flekkefjord i Agder. Innsjøen har eit areal pÃ¥ 27,5 km² og ligg 49 moh. Han er av dei 10 djupaste innsjøane i landet med ei største djupne pÃ¥ 314 meter. E39 gÃ¥r langs austsida av vatnet, eit stykke med ganske mange tunnelar.

Elva Sira renn inn i vatnet ved Sirnes med vatn frå Sirdalen, og vatn frå Hovsvatnet renn inn ved Moi. Vatnet renn ut igjen ved Åna-Sira, der det er ei demning og Åna-Sira kraftverk ligg. Frå der og ut i havet er det berre eit par kilometer.

Elveløpet mellom Sirdalsvatnet og Lundevatnet er i dag utgravd slik at vasstanden dei to vatna imellom skal vere tilnærma lik, og Lundevatnet er sikra reservepåfyll på ein enkel måte. Lundevatnet kan regulerast slik at vasstanden kan variere.