Luktvatnet (sørsamisk Loektejaevrie) er ein innsjø som ligg nord i Vefsn kommune i Nordland. Vatnet ligg ved foten av Korgfjellet og Lukttinden. Europaveg 6 passerer på vestsida av vatnet.
Namnet kjem truleg av samisk loekte som tyder 'bukt'.[1] Det er òg lansert teoriar om at namnet kan kome av at det ligg «innelukt» mellom fjella,[2] eller at det har namn av Lukttinden, som ragar «opp i lukten» (opp i lufta) sør for Luktvatnet.
Kjelder