Ludvig Elmar Hegge Olsson Enge (11. september 1878–16. august 1953) var ein norsk elektrikar, byråkrat og politikar frå Vik i Helgeland. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i til saman fire periodar i tida mellom 1910 og 1930.
Enge var son til ein fiskar og husmann på Våg i Vik. Fram til 1899 var han sjølv fiskar og gardsarbeidar i Nordland. I 1899 flytta han til Sarpsborg, der han i åra 1900-07 arbeidde som elektrisk montør, deretter var han medarbeidar i avisa Smaalenenes Socialdemokrat. Frå 1909 til -16 var han tilsett ved Sarpsborg kommunale elektrisitetsverk, borgarmeister (rådmann) i Sarpsborg frå 1919 til 1943.
I 1901 var Enge med på å stifte den fyrste fagforeininga ved Borregaard og i 1903 Sarpsborg Arbeiderparti. Han var medlem i bystyret frå 1905, varaordførar 1908-09 og ordførar 1917-18. Ved stortingsvalet 1909 vart han vald til å representere Sarpsborg krins på Stortinget i perioden 1910-12, attvald for 1913-15. Han var då medlem i Næringskomite nr 2, sekretær i komiteen 1913-15. Han nådde ikkje opp ved stortingsvalet 1915, men vart på ny tingmann 1919-21, då sekretær i Konstitusjonskomiteen. Enge var mellom dei moderate i Arbeidarpartiet som i 1921 braut ut og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Det førte mellom anna til at han fekk for få røyster til å verte vald til stortingsrepresentant både i 1921 og -24. Fyrst då sosialdemokratane slo seg saman med Det norske Arbeidarparti i 1927 kom han inn til ei ny stortingsperiode. Han var då i 1928-30 med i Protokollkomiteen.
Kjelder