«Lucifer» er ein song skriven av Bob Seger på albumet Mongrel. Han nådde 84. plassen på Pop Singles-lista i 1970. Ben Edmonds kalla i meldinga si av Mongrel «Lucifer» for «den klart sterkaste låten på plata, og ein flott låt i seg sjølv. Det er enkelt beinfram rock: bandet (særskild orgelet) syner ein klår forståing av den rytmiske rørsla til songen.»[1] The Bob Seger System framførte denne låten på TV-showet Upbeat, som var ei syndikering av musikalske opptredenar teke opp i WEWS-studioa i Cleveland i Ohio, med programleiar Don Webster. I 2009 vart eit klipp av songen brukt i sjette sesongfinale av Entourage, episoden «Give a Little Bit». I 2021 vart «Lucifer» spelt av Deep Purple, på albumet deiraTurning to Crime.
Skriving
Ifølgje nettstaden «Lost Venues - Detroit» spelte Bob Seger System i desember 1968 på ungdomsklubben Something Different i Southfield, Michigan - ein av mange ungdomsklubbar i Detroit som manageren til bandet Punch Andrews dreiv. 21. og 22. mars 1969 spelte Albert King på same stad. I april 1969 gav Bob Seger System ut Ramblin' Gamblin' Man. 7. juni 1969 returnerte Bob Seger System til Something Different. I august 1970 vart albumet Mongrel gitt ut, som inkluderte «Lucifer». Forutan å referera til Albert King-songen «Crosscut Saw» frå 1966, refererer Seger fleire gonger til albumet Ramblin' Gamblin' Man.
Mottaking
Cash Box kalla han «ein av Seger sine live-favorittar fylt med ein drivande rytme og brennande vokal».[2]
Salslister
Liste (1970)
|
Plassering
|
U.S. Billboard Hot 100
|
84
|
Kjelder
Mal:Bob Seger