Lovise Heggen (17. mars 1893–11. februar 1975) var ein norsk lærar og politikar frå Sunnmøre.
Heggen vart fødd på garden Heggen i Valldal i Norddal kommune. Ho arbeidde som lektor ved lærarskulen i Volda i ei årrekke, og var aktiv i det politiske. Mellom anna møtte ho som vararepresentant på Stortinget for Arbeidarpartiet i Stortinget 1950-1953.
Ho er omtala i Sunnmørsposten sin serie om 100 sunnmøringar, som vart laga i samband med tusenårsskiftet 1999/2000.
Kjelde
- Wikipedia på bokmål sin artikkel om Heggen.
Bakgrunnsstoff
Lovise Heggen hos Stortinget.no