Love Is av The Animals

Love Is
Dobbeltalbum av Eric Burdon and The Animals
Språk engelsk
Utgjeve December 1968
Innspelt TTG, Sunset Sound Studios i Hollywood i California, oktober 1968
Sjanger psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 66:32
Selskap MGM
Produsent The Animals
Britisk Eric Burdon and The Animals-kronologi 
The Twain Shall Meet
(1968)
Love Is
Amerikansk Eric Burdon and The Animals-kronologi
Every One of Us
(1968)
Love Is The Greatest Hits of Eric Burdon and The Animals
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Love Is er eit dobbeltalbum av Eric Burdon and The Animals som kom ut i 1968. Det var det siste albumet deira før den andre oppløysinga til The Animals i 1969. Ei forkorta utgåve av «Ring of Fire» vart gjeven ut som singel og nådde 35. plass i Storbritannia og nådde Topp 40 i Tyskland, Nederland og Australia.[2]

Bortsett frå den sjølvskrivne «I'm Dying (or am I?)», består albumet berre av andre sine songar med utvida arrangement av the Animals og stundom til og med ekstra tekst og musikalske bitar. Heile side 4 er ein medley av songar opphavleg spelte av Dantalian's Chariot, ei gruppe som medlemmane Zoot Money og Andy Summers tidlegare hadde spelt i.

Albumet er første gong den framtidige Police-gitaristen Andy Summers spelte med gruppa. Innspelinga av Traffic sin «Coloured Rain» inneheld ein over fire minuttar lang gitarsolo av Summers. For å sikre at han avslutta på riktig stad, talde Zoot Money alle taktane gjennom songen og gav han melding ved takt 189.[3]

Innhald

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«River Deep, Mountain High»Phil Spector, Jeff Barry, Ellie Greenwich7:23
2.«I'm an Animal»Sylvester Stewart5:34
3.«I'm Dying (Or Am I?)»Eric Burdon4:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Ring of Fire»June Carter, Merle Kilgore4:58
5.«Coloured Rain»Steve Winwood, Jim Capaldi, Chris Wood9:38
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«To Love Somebody»Barry Gibb, Robin Gibb6:55
7.«As the Years Go Passing By»Deadric Malone10:13
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Gemini / Madman Running Through the Fields[listed as The Madman]»Steve Hammond / Zoot Money, Andy Summers17:23

Medverkande

Kjelder

  1. Allmusic review
  2. The Animals chart entries, tsort.info.
  3. Andy Summers, One Train Later, Thomas Dunne Books, 2006. ISBN 0-312-35914-4.
  4. Hulloder: Robert Wyatt discography 1967-1969, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 24. mars 2018