Lotte og Lotta er kvinnenamn som opphavleg var kortformer av Charlotte, Charlotta og liknande namn. Lotte er ein tysk og dansk variant, medan Lotta er meir vanleg i Sverige. Lottie og Lotje er nærskylde førenamn på engelsk og nederlandsk.
Det er 1 054 kvinner i Noreg som heiter Lotte og 145 som heiter Lotta (2006). Namnet hadde fram mot 2000 ein auke i bruken.