Long After Dark er det femte studioalbumet til Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i november 1982 på Backstreet Records. Albumet inneheld ein stor MTV-hit, «You Got Lucky», og var det første albumet deira med Howie Epstein på bass og harmonivokal. Vokalen til Epstein er tydeleg gjennom heile albumet, kanskje mest av alt på «Change of Heart». Frå den tid vart vokalen til Epstein ein viktig del av lyden til Heartbreakers. I tillegg var albumet det første av Heartbreakers med synthesizer.
Ein song som vart spelt inn for albumet var «Keeping Me Alive», som Petty sjølv likte godt, men som produsenten Jimmy Iovine mislikte. Petty har fortalt at han meiner albumet hadde vore betre med denne songen på albumet.[7] «Keeping Me Alive» vart gjeve ut i 1995 som ein del av plateboksen 1995 Playback.
Innhald
Alle spor skrivne av Tom Petty, utanom der andre er nemnde.