Lok Sabha har 545 representantar. 543 er valde ved direkteval frå kvar sin valkrins. 131 sete (18,42 %) er reserverte for representantar for dårlegstilte kastar (Scheduled Castes, 84 sete) og dårleg stilte stammar (Scheduled Tribes, 47 sete). I tillegg er det utnemnd 2 representantar for anglo-indarar.
Den indiske grunnloven opnar for at Lok Sabha kan ha 552 representantar, opptil 530 av dei representantar for statar, opptil 20 representantar for unionsterritoria, og opptil 2 representantar for anglo-indarane.[1]
Dei to største partia i Lok Sabha etter valet i mai 2009 var Kongresspartiet (Indian National Congress, INC), med 198 representantar og Bharatiya Janata Party (BJP) med 112 representantar.[2] Kjønnsfordelinga i 2009 var 485 menn og
59 kvinner.[3]
Den vanlege parlamentsperioden er fem år. Ved unntakstilstand er det mogleg for parlamentet å utvida perioden med opptil eit år.[4] For å kunne veljast til forsamlinga må ein vera minst 25 år gammal og ha indisk statsborgarskap.[3]
Valkrinsane er avgrensa etter innbyggjartalet i kvart område, og byggjer på folketeljingar. Den siste endringa av Delimitation Commission bygde på folketeljinga i 2001. Opphavleg var grensene meint å endrast etter kvar folketeljing, men eit grunnlovstillegg frå 1976 avgrensa endringane for å unngå at område med avgrensa folkevekst på grunn av ønskt familieplanlegging skulle straffast.[5]
Lok Sabha har ein eigen fjernsynskanal, Lok Sabha TV, som har hovudkvarter i parlamentsbygningen Sansad Bhavan.[6]
Den første parlamentsperioden til Lok Sabha byrja 17. april 1952 etter parlamentsvalet halde frå oktober 1951 til februar 1952. Lok Sabha har vore gjennom 15 periodar, den siste etter parlamentsvalet i 2009.[3]