Llyn-y-Foel er ein innsjø i Snowdonia i Wales. Han er om lag 240 meter lang og 120 meter brei, men ikkje djupare enn 2 meter på det djupaste. Han ligg 535 moh. ved foten av hovudryggen til Moel Siabod.
Elva som renn ut av søraustenden av innsjøen er ei av hovudkjeldene til Afon Ystumiau, som renn vidare til Afon Lledr og til slutt Afon Conwy.
Den djupe brunfargen i vatnet kjem av torv i det omliggande området. Dette har gjeve opphav til ein unik type bekkeaure som berre finst i denne innsjøen.
Kjelder