Livin' on the Fault Line er det sjuande studioalbumet av det amerikanske rockebandetThe Doobie Brothers, utgjeve 19. august 1977 på Warner Bros. Records. Det er eit av dei få Doobie Brothers-albuma i 1970-åra som ikkje gav dei ein topp 40-hitt på Billboard Hot 100 (sjølv om «You Belong to Me» var ein hit som vart spelt inn av medlåtskrivaren Carly Simon). Albumet fekk middels god kritikk. Tom Johnston (gitar, vokal) slutta i bandet tidleg i innspelinga. Han er oppført som ein del av bandet (og er med på fotografiet på innsida av omslaget), men er lite eller ikkje med i det heile tatt på plata, trass i at han skreiv og song på fem songar under innspelinga av albumet. Desse fem songane kom derimot ikkje med på det endelege albumet. Det meste av albumet er nokså dempa med ein smak av jazz, og påverknaden av R&B er til og ta og føle på gjennom det heile. Sporet «Little Darling (I Need You)» er ein versjon av Marvin Gaye-hitten frå 1966.
David Paich – strykar- og blåsararrangement på «You're Made That Way», «Little Darling (I Need You)», «You Belong To Me» og «There's A Light», strykararrangement på «Nothin' But a Heartache»