Live in Japan er eit konsertalbum frå 1973 av supergruppaBeck, Bogert & Appice. Albumet heitte opphavleg Beck, Bogert & Appice Live og vart berre gjeve ut i Japan, og vert av den grunn rekna som sjeldant. Live in Japan var det siste albumet til Beck, Bogert & Appice og det einaste konsertalbumet deira. Få månader etter albumet kom ut vart bandet oppløyst, då Jeff Beck brått valde å slutte.
På albumet kan ein høyre Beck bruke ein Heil talkbox, to år før Peter Frampton gav ut albumet Frampton Comes Alive! (1976). Albumet inneheld songar som opphavleg vart spelt inn av Jeff Beck Group, «Plynth», «Going Down» og «Morning Dew» og ein Yardbirds-song, «Jeff's Boogie».