Linn Ullmann (fødd 9. august1966) er ein norskforfattar og journalist. Ho er fødd og busett i Oslo, men har også budd delar av livet på Fårö i Sverige og i New York. Ullmann har gjeve ut seks romanar. Dei har vunne fleire prisar, og er omsett til ei rekkje språk.
Bakgrunn
Ullmann blei fødd i Oslo, og er det einaste barnet til Liv Ullmann (skodespelar, forfattar og filmskapar), og det niande og yngste barnet til Ingmar Bergman.[1]
Dei første åra av livet budde familien saman på Fårö ved Gotland.[2]
Foreldra gjekk frå kvarandre då ho var fire; dei var aldri gifte med kvarandre. Etter samlivsbrotet såg Ullmann først faren att då ho var sju.[1]
Ho voks opp i New York[3] og Oslo.[4]
Som barn spelte Ullmann i fleire filmar, mellom anna Hviskninger og rop og Høstsonaten regissert av Bergman. Gjennom ungdommen dansa ho ballett,[8]
og ønska å bli profesjonell dansar. Etter å gjort forsøk på å koma inn ved Juilliard School i New York og Operaens balletskole i Oslo, gav ho opp draumen.[5]
I ungdomstida var ho også fotomodell ei tid.[5][7]
Frå 1996 til -97 var ho journalist og kommentator i Dagbladet og frå 2006 til -07 i Aftenposten.[9]
I 2007 fekk ho Gullpennen for den journalistiske verksemda si.
Forfattarskap
Linn Ullmann redigerte antologien Men jeg bor her ennå som kom ut i 1997, og skreiv fagboka Yrke: Regissør om filmane til Arne Schouen i 1998.[9]
Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Før du sovner i 1998. Romanen blei sold til over tjue land før han kom ut i Noreg.[9]
Også seinare bøker har hatt brei internasjonal suksess,[9]
og romanane hennar er gjevne ut i store delar av Europa og i USA.[10]
Før du sovner er ein generasjonsroman som i følgje Store Norske Leksikon er ein «frisk og fantasirik familieroman [...] fortalt med brå og overraskende kast.»[9]
Boka handlar om Karin Blom og familien hennar i USA.[5] Ullmann gjer bruk av ein upåliteleg forteljarstemme,[9] noko som har gått att i forfattarskapen. Ho nytter også skiftande perspektiv, noko som også kjem att i den andre boka hennar.[9]
Den neste romanen hennar, Når jeg er hos deg (2001), fortel om eit fall frå eit hustak på Frogner i Oslo. Forteljinga nytter ulike forteljarmåtar og perspektiv, og tek for seg «livets uutholdelige letthet, om endeløs ensomhet også i nære forhold, om balansekunst på alle nivåer, og om fallets uunngåelighet».[9]
Den fjerde romanen til Ullmann, Et velsignet barn, kom ut hausten 2005. Han inneheld ei breiare forteljing om familieforhold i fortid og notid, og tek for seg tema som forstilling, løgner, svik og svikt, i tillegg til kva som skal til «for å forstå fortidshendelser og den betydning de har for det videre liv.»[9]
Boka blei nominert til Brageprisen.[13]Et velsignet barn blei kåra til beste omsette roman i den britiske avisa The Independent i 2008,[14][15] og året etter blei også denne romanen nominert til Independent Foreign Fiction Prize[14] og til den irske International IMPAC Dublin Literary Award. I 2007 vann Ullman Amalie Skram-prisen for forfattarskapen sin.[10]
I 2015 gav Ullmann ut De urolige, ein sjølvbiografisk roman som byggjer på nokre samtalar ho hadde med faren mot slutten av livet hans med meininga om å skriva ei bok saman.
Romanen blei ein internajsonal suksess blant lesarar og kritikarar. Han blei skriven om til eit teaterstykke av Karen-Marie Bille og regissert av Pernilla August.
Stykket hadde premier som De oroliga på Dramaten i Stockholm den 1. november 2018.[16]
Anna virke
Gjennom ei årrekkje vitja Ullman nesten kvar sommar den svenske øya Fårö, der faren Ingmar Bergman budde. Her traff ho familie, såg film med faren, og skreiv.[8] Etter at Bergman døydde i 2007 var Linn Ullmann med på å stifta kunstnarsenteret Bergmangårdarna på Fårö i 2009.[17] Ho var også kunstnarisk leiar i oppstartsfasen.[18]
Ved femtiårsdagen til Filmfestivalen i Cannes, då Ingmar Bergman blei tildelt ein spesialpris, las Linn Ullmann opp ei melding frå faren, som ikkje kunne vera der.[19]
I 2011 sat Ullmann i hovudjuryen ved Cannesfestivalen, saman med mellom anna Robert De Niro, Jude Law og Uma Thurman.[20]
I 2001 gifta Ullmann seg med forfattaren Niels Fredrik Dahl,[24]
og dei fekk ei dotter saman. I tillegg er ho stemor til Dahl sine to eldre barn.[1]
Paret er busett i Oslo.[25]