Linn Tormodsdatter Grøndahl Sunne (fødd 2. desember 1971)[1] er ein norsk forfattar. Ho har særleg skrive bøker for born og unge, både på nynorsk og bokmål.
Linn T. Sunne voks opp på Kongsberg og i Valldal på Sunnmøre.[2] I tillegg til barnebøkene har ho skrive manus, blant anna for Hotel Cæsar, og noveller samt bokmeldingar i Oppland Arbeiderblad. Ho er busett på Dokka og arbeider med litteraturformidling på Oppland fylkesbibliotek sin bokbuss i Oppland.[2]
Ho vann Brageprisen i klassen for barne- og ungdomsbøker i 2007 for boka Happy , og i 2012 fekk ho prisen i open klasse for ungdomsromanen Lille Ekorn.[3]
I 2012 vart ho også tildelt Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for det samla forfattarskapet sitt.
Bokutgjevingar
Linn T. Sunne byr på drama av det alvorleg realistiske slaget. Debuten Stjernestøv (2000) handla om ei jente som korkje blir sett av foreldra eller han ho er forelska i. I Under morelltreet (2001) misser Nora bestevenninna i kreft. I Luna (2003) blir mor råka av alvorleg fødselsdepresjon. Happy tek opp noko enda meir tragisk.
|
|
- 2000: Stjernestøv – barnebok, gjeve ut på Samlaget
- 2001: Under morelltreet – barnebok, Samlaget
- 2003: Luna – barnebok, Samlaget
- 2005: Min venn himmelen – Biletbok, gjeve ut på Gyldendal
- 2006: Størst – barnebok, Gyldendal, illustrert av Bjørn Ousland
- 2007: Happy – barnebok, Samlaget
- 2008: Blå blondie – ungdomsbok, Samlaget
- 2009: Mystiske gjester – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
- 2010: Venner og uvenner – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
- 2010: Pistolen – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ketil Selnes
- 2011: Saiko – ungdomsbok, Samlaget
- 2011: Hundre raketter og ett skudd – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
- 2011: Trøbbel i Sommervik – samleutgåve for Bokklubben, illustrert av Ida Larmo
- 2011: Kjelleren – barnebok, Gyldendal, illustrert av Erik Ødegård
- 2012: Tyven på fjellet – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
- 2012: Lille ekorn – ungdomsbok, Gyldendal
Referansar
Bakgrunnsstoff