Linear B er ei stavingsskrift som det mykenske målet, tidleg gresk, vart skrive med. Skrifta vart brukt på Kreta og det greske fastlandet i tidsrommet rundt 1400–1200 f.Kr. Linear B har kring 90 stavingsteikn, ideogram og tallteikn.[1]
Oppdaging
Skrifta vart først oppdaga og gjeven namn av den britiske arkeologen Arthur Evans under utgravingar i Knossos på Kreta i 1900. Dei over 4000 tavlene frå Knossos utgjer også den største samlinga av linear B-tekstar. Ein har også gjort store funn ved Pylos (ca. 1000 tavler), Mykene og Tiryns på Peloponnes, og ved Thebes i Boeotia (ca. 350). Tekstane vart funne innrissa på små leirtavler i palassarkiva. Tavlene er vorte brende til keramikk og såleis verna for ettertida då palassa vart øydelagde ved brann kring 1200 f.Kr.[1]
Tolking
Den britiske arkiteten Michael Ventris og filologen John Chadwick påviste i 1952 at språket i linear B-tekstane er det eldste språktrinnet av gresk, mykensk gresk. Somme forskarar meiner at linear B er utvikla frå linear A-skrifta, medan andre ser dei to som parallelle skriftsystem utvikla frå ein felles føreganger.[1]
Skriftsystemet
Rutenettet nedanfor vart utvikla under desiferinga til Michael Ventris og John Chadwick av dei fonetiske verdiene for stavingsteikna. Det må installerast ein egen font for å sjå spesialteikna som elles viser som ein firkant.[2]