70°41′4.2468″N 26°32′5.0244″E / 70.684513000°N 26.534729000°E / 70.684513000; 26.534729000
Lille-Porsangen (samisk Skiessvuotna[1]) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark og den einaste av fjordarmane på vestsida. Fjorden strekkjer seg 12 km sørvestover til Stormyra i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Veidgamneset i nord og Veidnesholmen i sør. Sør for Veidnesholmen ligg bygda Veidneset. Fjorden er 55 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.
Fv183 går langs sørsida av fjorden.
Kjelder