Let's Go er det trettande studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band. Dei tok her attende det fulle bandnamnet sitt og Jim Ibbotson var attende i bandet, etter at dei i nokre år hadde korta ned namnet til The Dirt Band.
Albumet nådde 26. plassen på US Country-lista. To singlar frå albumet gjekk òg inn på lista. «Shot Full of Love» klatra til 19. plassen og «Dance Little Jean» nådde niandeplassen, begge på den amerikanske Country-lista.
Allmusic skildra albumet som «ei slagkraftig, polert album i grenselandet til pop» med coverversjonar av Andrew Gold og Marshall Crenshaw innimellom tolkingar av Bob McDill og Rodney Crowell. «Trass i namneendringa, ligg hjartet i musikken framleis nær den forsiktige, vaksne softrockstilen frå tidleg i 1980-åra.»[1]