Lester del Rey (2. juni 1915–10. mai 1993) var ein amerikansk forfattar, forlagsredaktør og forleggjar.[1]
Del Rey blei fødd Leonard Knapp, men fabrikkerte ei bakgrunnshistorie med diverse andre navn. Han debuterte som forfattar i Astounding Science-Fiction i april 1938 med novella «The Faithful», og publiserte i science fiction-magasin i ei årrekke fram til den første romanen, ungdomsboka Marooned on Mars (1952).
Frå 1977 til 1991 var del Rey forleggjar i Del Rey Books, eit imprint under Ballantine Books. Del Rey Books gjev også ut science fiction, men har hatt mest suksess med utgjevingar innsn fantastisk litteratur.[2]
I tillegg til del Rey, brukte han pseudonyma Erik van Lhin, John Alvarez, Marion Henry, Philip James, Charles Satterfield og Edson McCann.[3]
Kjelder