Lesjaverk stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabana. Stasjonen opna då Raumabana si strekning til Bjorli sto ferdig i 1921. Lesjaverk er ei lita bygd i Lesja kommune, 35 kilometer nordvest for Dombås. Stasjonsbygninga er verna.
Trafikale høve
Lesjaverk var ein fullverdig stasjon med betening som ekspederte tog, selde billettar og handterte postsendingar inntil beteninga vart inndregen i 1970. Fram til 1983 var stasjonen betent viss det var behov. Stasjonen var underlagt stasjonsmeisteren på Bjorli stasjon. Frå 1983 har stasjonen vore haldeplass. Vognlaster kunne sendas til eller frå stasjonen til ut på 1980-talet.[1]
Om lag 1900 passasjerar reiste til eller frå Lesjaverk i 2011, og Jernbaneverket vurderte å leggja ned stasjonen i sitt Stasjonsstrukturprosjekt i 2012.[2]
Stasjonen hadde eit 315 meter langt kryssingsspor og eit 75 meter langt gjennomgåande lastespor med godsrampe.[3] Kryssingssporet vart fjerna etter 1990, medan lastesporet vart fjerna etter 2013.
Betening
Lesjaverk var i periodar ein "kjerringstasjon", betent av personale utan sikkerheitsteneste.[4]
Ingeborg Johansen, f. 1892, ekspeditrise frå 15.11.1921
Thor T. Lindvig, f. 1878, frå 1.7.1924
Axel Marius Marsten, f. 1895, bestyrar frå 21.11.1929
Leif Øverby, f. 1900, bestyrar frå 1.7.1937, stasjonsmeister frå 10.2.1949
Ola Jarle Haugen, f. 1921, frå 31.8.1962
Stein Revhaug, f. 1930, bestyrar frå 1.11.1966-16.6.1970
Bygninga vart reist mellom 1918 og 1921, kravde 30 556 arbeidstimar og kosta 111 249 kroner. Kostnadane for heile stasjonsanlegget var 334 973 kroner.[6]
Stasjonsbygninga har to etasjar og kjellar.[7] Ho er lafta og kledd med liggjande trepanel og ståande vekselpanel i gavlane. Saltaket er tekt med skifer. Gavlvindauga og døropninga frå plattforma til venterommet er ramma inn med ornament i nyrokokko. Fyrste etasje inneheldt ekspedisjonskontor, telegrafistkontor og venterom, seinare postkontor og kvilerom. Ekspedisjonsrommet har eit karnapp mot plattforma med plass for innvendig stillverk. Andre etasje hadde ein tenestebustad med inngang frå baksida. I kjellaren var det eit bryggarhus for klesvask og rom for lagring av mat og brensel. Godshuset er i ein einetasjes sidefløy til stasjonsbygninga.
Bygningsmassen på Lesjaverk omfatta òg ei privétbygning med tre utedassar (riven på 1990-talet), kvilebu (1953), vedskjul og ein dobbel vakterbustad med to uthus.
Kulturminne
NSB si bygningsregistrering omtala i 1981 stasjonsbygninga og privéten som i god stand og av høg verneverdi. Den doble vaktarbustaden hadde middels verneverdi. Nokre år seinare vart privétbygninga riven.
Høyringsutkast til verneplanen (1993)
Då registreringa skulle omsetjast i eit høyringsutkast til verneplanen i 1993, vart stasjonsmiljøet inkludert vaktarbustaden foreslege verna.[8] Eigaren NSB Eiendom sette seg i mot og føreslo istaden å verna Lesja stasjon. Stasjonsbygninga vart difor teken ut av verneplanen, medan vakterbustaden vart verna.
Verneplan for jernbanebygningar (1997)
Då planen vart vedteken i 1997, vart vaktarbustaden på Lesjaverk vald som representant for doble vaktarbustader av typen «Dovrebanen nord». Busatden var teikna av Gudmund Hoel og R. Werenskiold, og uthusa med utedass, fjos og vedbu av Erik Glosimodt, Dovrebanen sin hovudarkitekt.[9]
Nasjonal verneplan (2004)
"Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen" (2004) slo fast at stasjonane på Lesja og Lesjaverk var viktige lokale kulturminne.[10]
«
Lesja og Lesjaverk stasjoner
Selv om begge ligger utenfor Raumabanens vernestrekning er dette viktige stasjoner og stedsminner på Raumabanen som kompletterer strekningsvernet. Begge stasjonene bør derfor bevares og vilkår for bruk, istandsetting og vedlikehold fastsettes i samråd med Oppland fylkeskommune (lokalt vern).
»
Som fylgje av dette er Lesjaverk stasjon administrativt verna. Vernet omfattar båe stasjonsbygninga og den doble vaktarbustaden. [11]
Lesjaverk postkontor
Frå 8. juni 1946 var det postopneri på stasjonen.[12]. I 1973 vart postopneriet oppgradert til underpostkontor og i 1977 til postkontor C. I 1978 vart postkontoret bygd om med nye skrankar og kundetoalett. Delar av venterommet vart bygd om til personalrom med toalett og dusj, og i andre etasje vart det bygd baderom. Billettlukane vart tetta att og togekspedisjonen flytta ut i godshuset. Postkontoret på Lesjaverk stasjon vart lagt ned 1. desember 1998.