Les Diablerets er eit 3 210 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Vaud, vest i landet, og er det høgaste punktet i kantonen. Til vanleg vert Les Diablerets nytta som namn på heile fjellmassivet, som elles har fleire toppar enn sjølve hovudtoppen av Les Diablerets. Desse er:
- Oldenhorn
- Tête Ronde
- Scex Rouge
- Tour St. Martin (Quille du Diable)
- Culan
Les Diablerets har to isbrear. Ein liten bre, Glacier des Diablerets, som ligg kring toppen av fjellet, og ein mykje større; Glacier de Tsanfleuron.
Ein skiutfartsstad med same namnet, Les Diablerets, ligg ved fjellet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff