Utsyn frå Leksandsbron
Leksand er ein tettstad i Dalarna og centralort i Leksands kommun i Dalarnas län . I 2005 budde det 5 861 innbyggjarar der. Leksand består for største delen av Österdalälvens nordre, Noret , og søndre, Åkerö , breidder.
Leksand har blitt kjent for ishockeylaget Leksands IF som har fans over heile Sverige. Leksand er òg eit senter for svensk baseball .
Staden er kjent for å ha den største maistongsreisinga i Sverige. I Sammilsdal («Gropen» i daglegtale), ei dødisgrop frå istida , kan det under maistongsreisinga på midtsommaraftan samlast oppimot 30 000 menneske.
Leksand er også kjend gjennom merkevara Leksands Knäckebrød, men føretaket bak, Leksandsbröd , har fabrikken sin på staden Häradsbygden , som ligg 4-5km utanfor Leksand.
Kjende personar frå Leksand
Sjå òg
Bakgrunnsstoff