Leif Andreas Larsen (9. januar 1906–12. oktober 1990), mest kjend under namnet Shetlands-Larsen, var ein norsk krigshelt under andre verdskrigen.
Leif Larsen vart fødd i Bergen Han er den mest kjende av Shetlandsgjengen, eller dei som tenestegjorde i marineavdelinga Shetlandsbussen under andre verdskrigen. Shetlandsgjengen hadde base på Shetlandsøyane. 52 gongar kryssa han Nordsjøen under krigen, mange gonger i vanlege norske fiskeskøyter. Larsen hadde gode eigenskapar som leiar. Larsen ville ikkje leggja så mykje vekt på sin eigen innsats, og ville heller framheva dei folka han hadde med seg. Han melde seg friviljug til den finske vinterkrigen og under felttoget i Noreg kjempa han på Kongsvinger festning.
Larsen steig i gradene frå utskriven kvartermeister i 1941, til fenrik i 1943, løytnant i 1945 og kapteinløytnant i 1953.
Dekorasjonar
Shetlands-Larsen var verdas høgast dekorerte allierte sjøoffiser. Mellom anna fekk han desse utmerkingane:
Litteratur
- Frithjof Saelen: None but the Brave: The Story of "Shetlands" Larsen, Souvenir Press, 1955.