Leather Launderette er det 16. albumet til den skotske visesongaren Bert Jansch, spelt inn i lag med Rod Clements. Albumet kom ut i mars 1989.[1] Visstnok leid Jansch av helseproblem under innspelinga, men i 1987, etter å ha vorte innlagd på sjukehus, valde han å slutte med alkohol. Colin Harper skriv i biografien sin om Bert Jansch at «Det er ikkje tvil om at kreativiteten, pålitelegheita, energien, engasjementet, og kvaliteten vart redda dramatisk av denne avgjersla.»[2]
Innhald
Alle spor skrivne av Bert Jansch, bortsett frå der andre er nemnde
Tittel |
---|
1. | «Strolling Down The Highway» | |
---|
2. | «Sweet Rosie» | |
---|
3. | «Brafferton» | |
---|
4. | «Ain't No More Cane» (trad.) | |
---|
5. | «Why Me?» | |
---|
6. | «Sundown Station» | |
---|
7. | «Knight's Move» | |
---|
8. | «Brownsville» | |
---|
9. | «Bogie's Bonnie Belle» | |
---|
10. | «Leather Launderette» | |
---|
11. | «Been On The Road So Long» (Alex Campbell) | |
---|
Medverkande
- Bert Jansch - gitar, banjo, vokal
- Rod Clements - elektrisk & akustisk gitarar, mandolin, bass, solovokal på 4, 6, 8 og 10
- Marty Craggs - korvokal
Kjelder