«Le Mali» er nasjonalsongen til Mali.[1] Han blei teken i bruk 9. august 1962. Seydou Badian Kouyaté skreiv teksten og Banzumana Sissoko melodien.
Andre titlar på songen er «Pour l'Afrique et pour toi, Mali» eller «Afiriki ye ani e ye, Mali», som tyder 'For Afrika og for deg, Mali', og «A ton appel Mali», 'På ditt kall, Mali'. Musikken er ein tradisjonell militærmarsj i europeisk stil.[2]
Teksten til Le Mali ved Wikisource (fr).