Laukøya (nordsamisk: Unna Ártnás) er ei øy i Skjervøy kommune i Troms. Øya ligg på vestsida av ytre Kvænangen, aust for Arnøya og nordvest for Skjervøya. Det høgaste punktet på Laukøya er Langnestinden på 821 moh.
Det er ferjesamband frå Nikkeby på Laukøya til Lauksundskaret på Arnøya og Storstein på Kågen.