«Last Train to London» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO) frå 1979 og det femte sporet på albumet Discovery.
Songen vart gjeven ut som singel i 1979 i Storbritannia som ei dobbel A-side i lag med «Confusion». Singelen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart.[1] I USA vart dei to songane gjevne ut på singlar kvar for seg med «Confusion» seint i 1979 og «Last Train to London» tidleg i 1980. Han nådde 39. plassen på Billboard Hot 100.[2] I Spania vart singelen gjeven ut med den spanske tittelen «Ultimo tren a Londres».
«
|
Det var ein viss periode då det verka som me brukte år på å toga fram og attende frå Birmingham til forskjllige TV- og radiostasjonar i London. Der er CS-80-synthesizeren igjen på soloen.
|
»
|
—Discovery-omslaget (2001) - Jeff Lynne
|
Lister
Andre versjonar
- I 1982 gav den taiwanske songaren Frankie Kao(高凌風) ut ein versjon av songen kalla 夏天的浪花 (Sommarbølgja).
- I 2002 sampla jentegruppa Atomic Kitten ein del av songen på singelen deira «Be With You». Songen vart gjeven ut som ei dobbel A-side med songen «The Last Goodbye». Singelen nådde andreplassen i Storbritannia.
- I 2008 gav Alex Barattini ut ein lengre remix av den originale innspelinga for Gardenia Records.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
1970-åra | |
---|
1980-åra | |
---|
1990-åra |
1990 |
«Destination Unknown» (promo) |
|
---|
2000-åra |
2001 |
«Alright» / «Love Changes All» / «Do Ya» (Unedited Alternative Mix) · «Moment in Paradise» / «Alright» (PBS 2001 Version) / «Mr. Blue Sky» (PBS 2001 Version) / «Livin' Thing» (PBS 2001 Version) |
2006 |
«Surrender» |
2007 |
«Latitude 88 North» |
|
---|