Lars Larsen-Naur |
|
Fødd | 8. mars 1841 |
---|
Død | 9. august 1896 (55 år) |
---|
Statsborgar av | Noreg |
---|
Yrke | politikar, jurist |
---|
Alle verv | - stortingsrepresentant (1880–1882)
- vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
- vararepresentant til Stortinget (1886–1888)
- vararepresentant til Stortinget (1889–1891)
- vararepresentant til Stortinget (1892–1894)
- ordførar i Kragerø (1877–1878)
- ordførar i Kragerø (1885–1885)
- ordførar i Kragerø (1889–1890)
|
Lars Anton Nicolai Larsen-Naur (8. mars 1841–9. august 1896) var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Kragerø.
Han var son til ein kjøpmann og skipsreiar. I 1857 vart han student frå Nissens skule i Christiania, fem år seinare vart han cand. jur. Frå 1867 var han overrettssakførar i Kragerø. Han var medlem av bystyret frå 1872, ordførar i fleire år.
Larsen-Naur representerte Kragerø på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av kyrkjekomiteen. Sidan var han fram til 1894 valkrinsen sin varamann til Stortinget.
Han døydde i Kragerø i 1896.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914