Lars Bystøl (fødd 4. desember 1978) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Myrkdalen på Voss.
Karriere
Han vann sitt fyrste verdscuprenn 4. januar 2006 i Innsbruck under den tysk-austerrikske hoppveka. Ein månad seinare vart han olympiameister då han vann normalbakkerennet under vinter-OL i Torino. I same olympiaden vann bronsemedaljar i storbakkerennet og i laghoppinga, i den siste tevlinga saman med Bjørn Einar Romøren, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy. Bystøl er medlem av Idrottslaget Eldar.
Besteplasseringar i verdsmeisterskap og olympiske leikar
- 2005: Nr 4 i stor bakke, og bronsemedalje i laghopping i Oberstdorf
- 2006: Gullmedalje i normalbakke, bronsemedalje i stor bakke og i laghopping under OL i Torino. Vinnar av verdscuprenn i Innsbruck.
Besteplasseringar i internasjonale renn
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Bystøl la opp i 2009.
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff