Lange (Molva molva) er ein fisk i torskefamilien med særleg langstrekt kropp, noko som er opphavet til namnet. Langa kan vera opptil 1,8 m og 40 kg. Ho lever hovudsakleg på 100-400 meters djupne som vaksen, men yngre fisk finst på grunnare djupner.
Fisken blir kjønnsmogen i 6-8-årsalderen, hannfisken tidlegare enn hoa. Gytinga føregår i april-juni på 100-300 meters djupne. Hofisken gyt opptil 60 millionar egg som blir klekte etter 10 dagar.
Bruk
Lange er ein god matfisk med eit fast, kvitt kjøt som kan minna om torsk. Ho blir seld fersk, frosen, tørka eller salta. Han kan tilreiast gjennom damping, baking, koking eller steiking.
Fisken kan brukast til å laga lutefisk. I Spania er salta langerogn kjend som delikatessen huevas de maruca.