Landau eller Landau in der Pfalz er eins sjølvstendig by (kreisfrei) kring Südliche Weinstraße (den sørlege vin-vegen) i Rheinland-Pfalz i Tyskland. Han har vore ein universitetsby sidan 1990 og har litt over 40 000 innbyggjarar. Byen har lenge vore eit kultursenter og ein marknadsby og kjøpstad, omgjeve av vingardar og landsbyar som baserer seg på vindyrking i Pfalz vinormåde. Landau ligg aust for Pfalz-skogen, den største samanhengande skogen i Europa, like ved den tyske vinruta.
Landau vart først nemnd som busetnad i 1106, og fekk byrettar i 1274. Landau var okkupert av Frankrike frå 1680 til 1815, då han var ein av Décapole, ti frie byar i Alsace. Vauban bygde eit moderne festningsverk her i 1688-1699 for Ludvig XIV og gjorde den vesle byen til ein av dei sterkaste citadellane i Europa. Etter Napoleon overgav seg, vart byen gjeven til Kongedømet Bayern i 1816.
Kjelder
Bakgrunnsstoff