Landarar er romfartøy som landar på overflata til ein planet eller ein annan himmellekam med fast overflata. Det fyrste romfartøyet som oppnådde ei landing på eit anna objekt i solsystemet, var sovjetiskeLuna 2 som landa på månen i 1959. Den fyrste kontrollerte landinga vart gjennomført av Luna 9 i 1966. Den fyrste landaren med mannskap var månemodulen Eagle frå Apollo 11-ferda som landa i 1969.