«Lady Friend» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av David Crosby og gjeven ut som singel den 13. juli 1967.[1][2] Singelen nådde 82. plass på den amerikanske singellista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[3][4] I Amerika og Europa var B-sida til singelen «Old John Robertson» av Chris Hillman, men i Storbritannia var B-sida «Don't Make Waves», skriven av Roger McGuinn og Chris Hillman.[2] «Lady Friend» er kjend som den einaste songen skriven av David Crosby aleine som kom ut som ei A-side på ein Byrds-singel.[5]
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samleplater | |
---|
Plateboksar | |
---|
|