Kérkyra (gresk Κέρκυρα) er hovudstaden på øya Kérkyra, i periferieininga Kérkyra og i periferien Dei joniske øyane i Hellas. Kérkyra by var tidlegare eigen kommune. Han vart innlemma i kommunen Kérkyra i 2011, men inngår frå 2019 som ei kommunaleining i kommunen Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane.[2][3]
Byen ligg sentralt på austsida av øya og er ein stor turistattraksjon. Byen har vorte kalla Kastropolis på grunn av dei tre festningane som ligg her. I 2007 vart gamlebyen skrive inn på UNESCO si verdsarvliste.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Kérkyra by 40 047 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 23 541 innbyggjarar.[1]
Referansar
Bakgrunnsstoff