Kåre Conradi (fødd 11. januar1972 i Asker) er ein norskskodespelar. Han er utdanna ved Statens teaterhøgskole og LAMDA i London. Conradi medverka i m.a. West Side Story (som Tony), Hamlet (tittelrolla), Karusell, I hired a contract killer, Stones in his pockets, Skyggen og Pianisten. Conradi var mellom dei kunstnariske leiarane for Torshovteatret i 2000–2003. Han spelte Håkon Håkonsen i Kongsemnerne på Det Kgl. Teater i København. I 2003 vart Conradi m.a tildelt Radioteatrets Blå Fugl for IbsensKjærlighedens Komedie. Han spelte Higgins i My Fair Lady i 2003. Kåre Conradi var forlovar for Ari Behn og fadder då Maud Angelica Behn vart døypt i 2003. I 2006 hadde han ei rolle i TV-serien Gutta Boys. Han er sonen til songaren Fredrik Conradi.
Kåre Conradi var trulova med Marian Aas Hansen i åtte år, men trulovinga vart broten våren 2007. Lene Marlin flytta til London sommaren 2008 etter å ha budd ei tid i Oslo, og stadfesta i eit intervju med Dagbladet i august 2008 at ho og Conradi var sambuarar.[1]