Kurt Asle Arvesen
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
9. februar 1975 (49 år) Molde kommune
|
Idrett |
landevegssykling
|
Tok del i
|
Vuelta a España, Tour de France, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, 2002 UCI World Road Rankings, 2003 UCI Road World Rankings, Q53844942, UCI ProTour 2005, UCI ProTour 2006, UCI ProTour 2007, UCI ProTour 2008
|
Kurt Asle Arvesen (fødd 9. februar 1975) er ein norsk syklist frå Eresfjord i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Han sykla profesjonelt frå 1998 til 2011, og arbeider no for det britiske laget Team Sky.
Arvesen har delteke i alle dei store Grand Tour-ritta. I 2003 vann han ein etappe i Giro d'Italia. I 2004 vart han sett på som ein av Tour de Frances mest uheldige ryttarar etter å ha velta og skadd seg på fleire av etappane, men han fullførte likevel. I 2005 var han med i eit brot på 17. etappe, og låg lenge an til å vinne, men vart teke att like før målstreken. I 2006 var han ein av tre nordmenn som deltok i Vuelta a España.
20. mai 2007 tok Arvesen den andre etappesigeren sin i Giro d'Italia, nøyaktig fire år etter den første. Etter å ha vore i brot med ei stor gruppe, slo han regjerande verdsmeister Paolo Bettini i spurten. Arvesen stiller til start for CSC i Tour de France 2007, etter å ha vorte teke ut på laget av sportsdirektør Bjarne Riis 29. juni 2007.[1]
Kurt Asle Arvesen vann 11. etappe i Tour de France 2008.
Merittar
VM og NM
Andre ritt
Kjelder
- ↑ Arvesen klar for Tour de France 2007
Bakgrunnsstoff