Kristinestad er ein tospråkleg kommune med svensk som majoritetsspråk (57,4 %) og finsk som minoritetsspråk (42,6 %).
Gamlebyen i Kristinestad er ein av dei beste bevarte trehusbusetnadene i Finland. Byplanen vart opphavleg teikna av landmålaren og ingeniøren Claes Claesson.
Arkeologi
I Bötomsbergen på grensa mot Bötom vart det på 1990-talet funne ein neandertalgrotte som vart kalla Varggrottan (finsk Susiluola). Grotta inneheld sannsynlegvis dei eldste spor etter neandertalarar som er funne i Norden. Utgravingane kjem til å halda fram over fleire tiår.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019