Kristin Normann (fødd 1954), fødd i Oslo, er ein norsk jurist, tidlegare professor i jus og advokat. Ho blei 12. februar 2010 utnemnd til dommar i Noregs Høgsterett. Ho tiltredde som høgsterettsdommar 9. august 2010.
Kristin Normann vart uteksaminert cand.jur. frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1982, og vart dr. juris i 1994. Ho har arbeidd som advokatfullmektig i Advokatfirmaet BA-HR 1983-1984,
forskar, førsteamanuensis og professor ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo 1985-2007, konstituert lagdommar i Borgarting lagmannsrett i 2003, og som advokat og partner i Advokatfirmaet Selmer frå 2006.
Kristin Normann har vore styremedlem ved Oslo Børs, og i privateigde norske selskap. Ho har også vore medlem av kontrollkomitéar for private og offentlege finansinstitusjonar. Ho har også vore valdgiftsdommar, og var med i granskingsutvalet i Valla-saka.
Kristin Normann sitt fagområde har vore selskapsrett.
Bibliografi
- Medvirkeransvaret i aksjeloven og allmennaksjeloven § 17-1 (2). Særlig om medvirkeransvaret i konsernforhold” i Festskrift til Mads H. Andenæs, Redaktører Geir Woxholth, Gudmund Knudsen og Kristin Normann (2010).
- Misligholdsbeføyelser ved brudd på aksjonæravtale” i Institutt for privatrett Skriftserie 175: Mads Henry Andenæs, Gudmund Knudsen og Kristin Normann: ”Tre foredrag om aksjonæravtaler”. (2009)
- Om tidspunktet for overgang av aksjonærens organisatoriske beføyelser knyttet til aksjer i allmennaksjeselskaper, Nordisk Tidsskrift for Selskabsret, 2003, s. 357
- Nordic financial market law: the regulation of the financial services in Denmark, Finland, Iceland, Norway and Sweden, 2003, medforfatter
- Prospektansvar – behov for nytenkning?, Tidsskrift for Rettsvitenskap, 2002, s. 239
- Indirekte aksjonæransvar, Nordisk Tidsskrift for Selskabsret, 1999, s. 64
- Ansvarlige selskapers prosessuelle stilling, Jussens Venner, 2000, s. 229
- Styremedlemmers erstatningsansvar i aksjeselskaper, 1994
Kjelder