Kristin Kajander (fødd 28. februar 1959) er ein norsk skodespelar. Ho har hatt ei rekkje roller ved ulike teater, i tillegg til at ho har hatt roller i både film og fjernsyn.
Ho er utdanna ved Statens Teaterhøgskole (1984). Frå 1986 til 1991 var ho tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen. Der spela ho mellom anna hovudrolla i det omdiskuterte Norvald Tveit-stykket I Satans vald, Nina i Måken av Anton Tsjekhov og Rebekka West i Rosmersholm av Ibsen. Vidare arbeidde ho frå 1992 til 1993 ved Nationaltheatret, og spela mellom anna i fleire Ibsen-stykke, som Eline i Fru Inger til Østråt, Regine i Gengangere og Anitra i Peer Gynt. Sommaren 1994 var ho med på den store framsyninga Bibel ’94 i Helsingfors, om kvinnene i Bibelen. Sidan då har ho arbeidd frilans ved ulike teater. I tillegg har ho vore med som skodespelar og songar på to bestillingsverk av Lars Saabye Christensen og Ole Henrik Giørtz for Jazzfestivalen i Molde.
Filmgjennombrotet hennar kom med hovudrolla i Sølve Skagen-suksessen Hard asfalt (1986). Ho hadde også hovudrolla i Brun Bitter (1987), og har elles spela i filmar som Ballen i øyet (2000) og Jeg er Dina (2002).
Filmografi
Fjernsynsroller
Kjelder