Kristian Helland (fødd 1947) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti i Bergen.
Han var ordførar i Bergen 2001-2003, etter at føregangaren Ingmar Ljones i 2001 blei vald inn på Stortinget, og varaordførar sidan valet i 2003.
I 2007 valde Helland å trekkje seg ut av lokalpolitikken, men heldt fram som leiar for Hordaland KrF (valt 2006) fram til februar 2012. Frå 2011-15 var han representant for KrF i fylkestinget i Hordaland.