Kongeriket Nederlanda er eit kongerike som frå 2010 består av fire land: Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Fram til 1975 var òg Surinam ein del av kongeriket og frå 1954 til 2010 Dei nederlandske Antillane. Kongeriket Nederlanda er eit monarki sui generis med føderale trekk og Koning/Koningin der Nederlanden (kongen/dronninga av Nederland) som statsoverhovud. Tilhøva mellom dei ulike landa i kongeriket er fastlagt i Statutt for Kongeriket Nederlanda av 28. oktober 1954.
Noko som ofte er uklart er skilnaden mellom Kongeriket Nederlanda (dei fire landa saman) som eit føderalt monarki og det europeiske landet Nederland som ein desentral einheitstat. Såvel i Nederland som i Kongeriket Nederlanda er styreforma konstitusjonelt monarki.