Kolbjørn Hauge (2. april 1926–15. august 2007) var ein norsk forfattar fødd på Kyrkjøy i Finnøy kommune i Rogaland.
Bakgrunn
Hauge voks opp på Kyrkjøy, ei av Sjaernarøyane i Ryfylke. Han busette seg seinare i Stavanger.
Gjennom livet arbeidde han som stein- og jordarbeidar, gardsgut, gartnar, fiskar, vegarbeidar, kontorist, sjømann og lærar. Han var utdanna adjunkt, med fire år på Stord lærarhøgskule i 1951 og vidareutdanning i gymnastikk, forming, historie, spesialpedagogikk og pedagogisk rettleiing. Han underviste i alle ledd i folkeskulen og på lærarhøgskule.
Forfattar
Hauge slo gjennom som skjønnlitterær forfattar i 1993 med kriminalromanen Heit juice, som same år sigra i ei konkurranse om beste kriminalroman. Hauge skreiv fagbøker, barnebøker og prisløna klassiske krimromanar frå vestnorsk bygdemiljø.
Hauge skreiv mykje på nynorsk. Forfattaren Alfred Hauge var ein eldre bror.
Bibliografi
Fagprosa
- Bedre timer– Fagbok i pedagogikk (1986)
- Fra protest til parti – Politisk historie (1987)
- Stor norsk rimordbok – Ordbok (1990)
- Ryfylke - heimstad for gråstein og lengsel (red.) – Dokumentar (1998)
- Grøne øyer, blå fjord – Dokumentar (2001)
- Historia om korleis lydane fekk bokstavar – Fagbok (2001)
Skjønnlitteratur
- Onsdagsranaren – Barnebok (1991)
- Kofferten – Kriminalroman (1991)
- Heit juice – Kriminalroman (1993)
- Død mann i boks – Kriminalroman (1995)
- Nei men, Sofus! – Barnebok (1996)
- Til jord skal du bli – Kriminalroman (1997)
- Hitlers labyrint – Barnebok (1998)
- Over mitt lik – Kriminalroman (1999)
- Nord og ned – Kriminalroman (2003)
- To perfekte mord og andre kriminelle historier – Noveller (2004)
Prisar
- Aschehougs konkurranse om beste norske spenningsroman 1993, for Heit juice
- Sunnmørsprisen 1993, for Heit juice
- Rivertonprisen 1995, for Død mann i boks
Kjelder
Bakgrunnsstoff